Innkalling til årsmøte

Tid og stad: fredag 24. februar kl. 19:30 i Røde Kors sine lokale i Helsehuset.

Sakliste:
01/2017: Godkjenning av stemmeberettiga
02/2017: Godkjenning av innkalling og sakliste
03/2017: Val av møteleiar, referent og to medlemmer til å underskriva møteprotokollen
04/2017: Godkjenning av årsmelding for 2016
05/2017: Godkjenning av revidert rekneskap for 2016
06/2017: Budsjett for 2017 (inkl. handlingsplan)
07/2017: Val til styret og valnemnda
08/2017: Behandling av innkomne saker og forslag

Sakar og forslag som skal behandlast av årsmøtet må vera innkomme på e-post til post@rodekors.hjelmeland.no før 1. februar 2017. Håpar så mange som mogleg har anledning til å møta

Enkel servering.

Styret

Grøssartur med kjekke ungdommar

Nokre av ungdommane på Grøssarturen prøver å spjelka eit "beinbrot". Ein av aktivitetsleiarane, Martin Hetland (t.h.), ser til at alt går rett føre seg, medan aktivitetsleiar Johne Halsne Mæland spelar pasient. (Foto: Morten Hetland)

Nokre av ungdommane på Grøssarturen prøver å spjelka eit «beinbrot». Ein av aktivitetsleiarane, Martin Hetland (t.h.), ser til at alt går rett føre seg, medan aktivitetsleiar Johne Halsne Mæland spelar pasient. (Foto: Morten Hetland)

Seks aktivitetsleiarar i Hjelmeland Røde Kors si RØFF-gruppe var i helga med som arrangørar av Grøssarturen til Trodla-Tysdal, i samarbeid med Hjelmeland Ungdomsråd og kulturkontoret i Hjelmeland kommune.
Les meir

Endeleg ny mannskaps- og redningsbil

Frå venstre: Lars Martin Riskedal (varastyremedlem i Hjelmeland Røde Kors), Terje Ove Breiland (styreleiar i Hjelmeland Røde Kors), Geir Ove Mæland (operativ leiar i Hjelmeland Røde Kors Hjelpekorps), Súsanna Poulsen (banksjef i Hjelmeland Sparebank), Trine Lotherington Danielsen (ordførar i Hjelmeland kommune), Olav E. Skjervik (kontorsjef i Hjelmeland Sparebank), Sigrid Riskedal (banksjef i SpareBank 1 SR-Bank Hjelmeland), Morten Hetland (dagleg leiar i Hetland Media).(Foto: Thomas Tjeltveit/Hjelmeland Røde Kors)

Hjelmeland Røde Kors har endeleg kome i hamn med innsamlinga til ny mannskaps- og redningsbil, og tysdag 9. april vart sponsorane våre inviterte til ei uhøgtideleg markering i lokala våre for å sjå kva gåvene deira har blitt brukt til.
Les meir

Ny sjukebilsjåfør

Årevis med erfaring frå brannvesenet og Hjelmeland Røde Kors Hjelpekorps er ikkje nok når Johan Mjølhus (t.v.) tek over som ny sjukebilsjåfør i Hjelmeland. Jobben krev mykje fagkunnskap, og då er det godt å få opplæring om blodårer og innsetjing av kanylar av dei røynde kollegaene Oddbjørn Sæbø (i midten) og Åsmund Tuntland (t.h.). (Foto: Morten Hetland)

Årevis med erfaring frå brannvesenet og Hjelmeland Røde Kors Hjelpekorps er ikkje nok når Johan Mjølhus (t.v.) tek over som ny sjukebilsjåfør i Hjelmeland. Jobben krev mykje fagkunnskap, og då er det godt å få opplæring om blodårer og innsetjing av kanylar av dei røynde kollegaene Oddbjørn Sæbø (i midten) og Åsmund Tuntland (t.h.). (Foto: Morten Hetland)

For første gong på ti år har sjukebiltenesta i Hjelmeland tilsett ein ny sjukebilsjåfør. Johan Mjølhus tek over etter Ole Henrik Olsen, som etter ti års teneste har gått over til legebåten Rygerdoktoren.
Les meir