25 år i ambulansetenesta

Oddbjørn Sæbø (t.h.) har vore trufast i ambulansetenesta i Hjelmeland i meir enn 25 år. Sist fredag vart han takka for innsatsen av Åsmund Tuntland (t.v.), leiar for ambulansetenesta. (Foto: Morten Hetland)

Oddbjørn Sæbø (t.h.) har vore trufast i ambulansetenesta i Hjelmeland i meir enn 25 år. Sist fredag vart han takka for innsatsen av Åsmund Tuntland (t.v.), leiar for ambulansetenesta. (Foto: Morten Hetland)

Ambulansetenesta i Hjelmeland har nokre svært pålitelege ambulansesjåførar. Det har ikkje vore nytilsetjingar sidan 2002, og i oktober 2009 hadde sjåføren med lengst fartstid, Oddbjørn Sæbø, vore i tenesta i heile 25 år.

Oddbjørn vart heidra for innsatsen sin i ambulansetenesta under Hjelmeland Røde Kors sitt årsmøte 1. mars.

– Enorm utvikling
Johannes Kleivaland ringte til Oddbjørn Sæbø hausten 1984 og ville ha han som ambulansesjåfør. Oddbjørn svarte at han ikkje hadde fagkunnskap utanom eit 12-timars førstehjelpsskurs.
– Det er godt nok det, sa Kleivaland, og kort tid etter var Oddbjørn på sin første ambulansetur. På sin første tur hadde han også med seg ein sidemann, men sidan kjørte han åleine fram til 1999, då det var obligatorisk med to personar i ambulansen.

Frå Oddbjørn byrja i ambulansetenesta og fram til i dag har det skjedd ei enorm utvikling i tenesta.

– Dei første åra var det i hovudsak berre ei transportteneste. Me hadde rett nok oksygenapparat og kunne HLR, men stort meir enn det kunne me ikkje gjera. I 1989 fekk me hjartestartar, og då byrja det å bli meir alvorleg, fortel Oddbjørn.

Då ambulansane vart bemanna med to personar frå 1999 byrja ein å forventa meir av ambulansesjåførane, og det vart raskt krav om fagbrev.

– Eg byrja å bli gammal, og var ikkje særskilt mota på å skaffa meg fagbrev. Heldigvis piska Åsmund Tuntland oss og sa at me måtte ha fagbrev, så no har alle fast tilsette sjåførar bestått fagprøva, seier Oddbjørn.

Har opplevd mykje
Ingen ambulanseturar er like for mannskapa, og på sikt har også trendane for utrykkingsårsakene endra seg. Det siste året har det til dømes ikkje vore meir enn to utrykkingar til hjartestansar, medan dette skjedde støtt og stadig tidlegare.

– Me har opplevd mykje trist i jobben vår, men det kjekkaste er jordmorturane, meiner Åsmund Tuntland, som har vore i ambulansetenesta i over tjue år. Han hugsar også at dei utførte den første gjenopplivinga i 1989, kort tid etter det kom hjartestartar i ambulansen, og denne første pasienten lever framleis i dag.

– Eg pleier å seia at det er trygt å koma inn i ambulansen vår. På alle dei åra eg var vore sjåfør, er det berre ein pasient som ikkje har overlevd turen, fortel Tuntland.