25.453,50 i bøssene

 

20120302-210006.jpgHjelmeland Røde Kors samla inn totalt kr. 25.453,50 under den årlege Røde Kors-aksjonen, 8. mai. Halvparten av denne summen går uavkorta til drifta av lokallaget.

Den internasjonale Røde Kors-dagen, 8. mai, blir markert over heile Noreg med ein landsomfattande bøsseaksjon. Inntektene frå denne aksjonen blir brukt til Røde Kors sitt arbeid, både lokalt og internasjonalt.

Finteljinga etter innsamlingsaksjonen viste at Hjelmeland Røde Kors greidde å samla inn kr. 25.453,50. Halvparten av dette, det vil seie at kr. 12.726,75 går til vidare drift av lokallaget vårt.

Terje Ove Breiland, leiar i Hjelmeland Røde Kors, ynskjer å takka alle som hjelpte til med innsamlinga.

– Ein ekstra takk går til dei 14 som tok seg tid til å hjelpa oss. Det er godt å erfara at me kan viss me vil. Tusen takk til dei som gjekk og dei som gav, seier Breiland.