Stadig utvikling i sjukebiltenesta

Åsmund Tuntland er leiar i sjukebiltenesta i Hjelmeland, og har lang fartstid med om lag 22 år i tenesta. (Foto: Morten Hetland)

Åsmund Tuntland er leiar i sjukebiltenesta i Hjelmeland, og har lang fartstid med om lag 22 år i tenesta. (Foto: Morten Hetland)

I godt og vel tjue år har Åsmund Tuntland (58) arbeidd for sjukebiltenesta i Hjelmeland. I løpet av desse åra har han opplevd ei enorm utvikling, og han ynskjer framleis framgang i sjukebiltenesta.

Sjukebiltenesta i Hjelmeland blir drifta av Hjelmeland Røde Kors, med Åsmund Tuntland som dagleg leiar. I snitt har sjukebilen ei utrykking kvar dag, men det er berre ein person som har mista livet i sjukebilen i løpet av dei 22 åra Åsmund har arbeidd i sjukebiltenesta.

– Det vart i ettertid sagt at han uansett ikkje hadde overlevd turen, så i dag ville han blitt sendt med luftambulanse. Sjukebilen vår er altså ein trygg plass å vera, meiner Åsmund, som har vore leiar i sjukebiltenesta i Hjelmeland dei siste tjue åra.

Dei siste åra har arbeidsstyrken i sjukebiltenesta vore svært stabil, og sjukebiltenesta i Hjelmeland vart i 2006 den første sjukebilstasjonen i Rogaland der alle sjåførane hadde bestått fagprøven. I dag er det fem fast tilsette sjåførar og ein vikar. Oddbjørn Sæbø er den mest rutinerte, og har arbeidd i sjukebiltenesta sidan hausten 1984, medan den siste tilsetjinga skjedde i 2002, då Ole Henrik Olsen vart fast tilsett.

– Alle sjukebilsjåførane kjem frå sentrumsområdet omkring Hjelmeland, noko som gjer at me kan ha heimevakter. Medan me har vakt på sjukebilen hender det at me arbeider kringom på garden, men når me får ei utrykking går det unna. Me kjem som regel til pasienten med gylfen og skjorteknappane opne, smiler Åsmund.

Avanserte hjelpemiddel
I Hjelmeland er ein så heldige at tre av sjukebilsjåførane også arbeider i brannvesenet. Difor har Hjelmeland ein av få brannbilar som er utstyrt med ein koffert som er utstyrt med dei viktigaste hjelpemidla ein treng for å redda liv.

Sjukebiltenesta i Hjelmeland har gått frå å vera ei transportteneste til å bli ei sjukebilteneste med kvalifiserte fagfolk og avansert medisinsk utstyr. (Foto: Morten Hetland)

Sjukebiltenesta i Hjelmeland har gått frå å vera ei transportteneste til å bli ei sjukebilteneste med kvalifiserte fagfolk og avansert medisinsk utstyr. (Foto: Morten Hetland)

– Somme gonger kan det koma ein sjukepleiar eller doktor til ulukkesstaden, men dei kan ikkje hjelpa nokon viss dei ikkje har utstyr til det. I brannbilen har me difor ein eigen koffert med intravenøse væsker, oksygen og utstyr til å stoppa blødingar, forklarer Åsmund.

Sjukebiltenesta har heile tida vore i utvikling, særskilt med tanke på dei avanserte hjelpemidla som sjukebilen er fullasta med. I dag er det Stavanger Universitetssjukehus som har ansvar for sjukebilen og alt det medisinske utstyret i den.

Dei første åra var sjukebiltenesta i hovudsak berre ei transportteneste, men det var oksygenapparat i sjukebilen og mannskapa kunne hjarte- og lungeredning. I 1989 fekk sjukebilen hjartestartar, og då byrja det å bli meir avansert.

– Den første pasienten som vart gjenoppliva med hjartestartar lever framleis den dag i dag. Dette skjedde rett etter me hadde fått hjartestartaren i 1989, seier Åsmund fornøgd.

Det verkelege gjennombrotet i sjukebiltenesta skjedde likevel ikkje før i 1997. Mannskapet gjekk då på skule i halvanna år, og frå 1999 vart det obligatorisk å bemanna sjukebilen med to fagpersonar. Både sjukebilane og mannskapa er no rusta for å møta situasjonar som før kunne vera utenkjelege.

– Me må gjennom mykje repetering for å kvalitetssikra at me kan det me skal kunna. Kvart år må me gjennom fire obligatoriske kurs, der mykje av pensumet er repetering, men dersom det kjem noko nytt så lærer me det i tillegg, fortel Åsmund.

Det nyaste hjelpemiddelet i sjukebilen er ein CPAP-maskin, som blir brukt til å hjelpa pasientar med å pusta. I staden for å setja på ei maske som bles luft inn i luftvegane, blir det tilført oksygen med eit overtrykk.

– Denne metoden lettar mykje meir på pusten enn vanlege oksygenmasker. Me har brukt det lite til no, men etter kvart som me får meir erfaring vil også bruken auka, forklarer Åsmund.

Pasienten i fokus
Grunna vanskeleg geografi og lang avstand til Stavanger Universitetssjukehus, er sjukebilen i Hjelmeland utrusta med hjelpemiddel som sjukebilane i Stavanger ikkje har.

– Det tek lang tid før me får hjelp, og me må takla mykje rart. Dersom nokon får hjartestans i Stavanger får pasienten hjelp av legevakt, luftambulanse og to sjukebilar. I Hjelmeland må me derimot greia oss med sjukebilen. Me er etter kvart blitt svært rutinerte, men i situasjonar der ein veit at ein berre har makkeren og seg sjølv å ty til, så kan det mange gonger vera tungt, vedgår den røynde sjukebilsjåføren.

Heile sjukebilen er fullasta med medisinsk utstyr som gjer sjukebiltenesta i Hjelmeland godt rusta til å møta svært mange ulike situasjonar. (Foto: Morten Hetland)

Heile sjukebilen er fullasta med medisinsk utstyr som gjer sjukebiltenesta i Hjelmeland godt rusta til å møta svært mange ulike situasjonar. (Foto: Morten Hetland)

Åsmund gjev mykje ros til luftambulansetenesta, og ser heilt klart eit behov for å stasjonera eit legehelikopter ved Haugesund Sjukehus, i tillegg til legehelikopteret som er stasjonert ved Stavanger Universitetssjukehus.

– Luftambulansen har blitt mykje betre med åra, særskilt sidan kriteria for å bli transportert med legehelikopter er blitt mykje lågare no enn då dei starta. No flyg legehelikopteret til alle tider, så sant dei er ledige då. Når me kjører rundt i bygdene tenkjer me difor heile tida på aktuelle landingsplassar, fortel Åsmund.

– Kva er det som avgjer om pasienten skal sendast med sjukebil, legebåt eller legehelikopter?

– Ved sjukdommar som krev rask behandling, blir komplikasjonane avgjort av kor raskt ein greier å behandla sjukdommen. Dersom pasientane berre blir verre, og me ser at dei må kome seg fort til sjukehuset, blir dei sende med legehelikopter. Likeeins er det med legebåten Rygerdoktoren, som tek over pasientane dersom me ser at det går for seint med sjukebiltransport. Me vurderer det slik at me heller bruker dei ein gong for mykje enn ein gong for lite. I denne jobben nyttar det ikkje å tenkja økonomi. Her er det er heile tida fokus på pasienten, slår Åsmund fast.

– Ryfast er framtida
Reisetida til sjukehuset er også svært avhengig av ferjerutene, og om ferja i det heile teke går. Åsmund meiner difor at fastlandssambandet Ryfast er framtida for sjukebiltenesta.

– Når me får ei utrykking er ferjeruta det første me tenkjer på. Det er ein forferdeleg hemsko for oss å heile tida måtta sjå på ferjeruta, så eg ser i alle fall fram til Ryfast kjem. Framtida er i alle fall ikkje å sitja på Tau-kaien og venta på ferja med sjuke folk bak i bilen, konstaterer Åsmund, som likevel tykkjer at ferjemannskapa gjer ein fabelaktig god jobb.

– Mannskapet på ferjene får så mykje pepar som er heilt ufortent. Det er ikkje deira feil at ferjene ikkje fungerer. Ferjemannskapa har strekt seg så langt dei kan i alle år. Tilstanden til pasientane kan gjerne endra seg gjennom turen, og då hjelper dei til så godt dei kan med å få oss fram snarast mogleg. Eg kan ikkje få skryta nok, slår Åsmund fast.

– Sjølv om ferjemannskapa gjer ein svært god jobb, tilhøyrer ikkje ferjene framtida, så eg håpar inderleg at Ryfast-motstandarane ikkje greier å øydeleggja for fastlandssambandet vårt. Dei burde lært litt av Opsethen i Sogn (Kjell Opseth, tidlegare samferdselsminister, red. mrk.), slik at me kunne sagt kva me skulle byggja i kva rekkjefølgje og gjort det, i staden for å protestera på alt, meiner Åsmund.

Sjukebilen har nettopp kjørt av ferja i Stavanger, etter ein ferjetur på førti minutt, og rettar kursen mot Stavanger Universitetssjukehus. (Foto: Morten Hetland)

Sjukebilen har nettopp kjørt av ferja i Stavanger, etter ein ferjetur på førti minutt, og rettar kursen mot Stavanger Universitetssjukehus. (Foto: Morten Hetland)

Spanande yrke
Sidan ein førebels er avhengige av ferjer, og reisetidene er lange, er Åsmund oppteken av å læra sambygdingane sine førstehjelp.

– Utrykkingstida vår er temmeleg bra, men det tek tid å kjøra gjennom eit langt distrikt. Difor tykkjer eg det er viktig at andre også lærer førstehjelp, og ikkje minst å kjenna dei ulike symptoma. Det er utruleg kor mange folk i Hjelmeland som har gått på førstehjelpskurs, så det er etter kvart blitt mange gode livreddarar her, seier Åsmund.

– Det første ein må gjera er å sjekka om pasientane pustar. Det kan berga liv dersom ein greier å gje frie luftvegar til ein pasient som ikkje pustar, legg han til.

Som førstehjelpsinstruktør, brannkonstabel og sjukebilsjåfør har Åsmund hatt ein svært spanande yrkeskvardag. Han slår fast at jobben som sjukebilsjåfør ikkje er godt betalt, men at han og alle dei andre sjukebilsjåførane gjer det fordi dei tykkjer det er kjekt. Sjåførane har vakt annakvar veke, og byter på arbeidsoppgåvene mellom vaktvekene. Den eine har ansvar for pasientbehandling, medan den andre har ansvar for å henta utstyr og kjøra sjukebilen.

– Me kunne tjent mykje meir pengar dersom me hadde gjort noko anna, men dette er eit spanande yrke der ingen arbeidsdagar er like. Ein kan liggja å bursova den eine timen, så kan ein redda livet til ein pasient den andre timen. Eg har ikkje kjeda meg ein einaste dag på jobb, og har aldri syta med å gå på vakt. Dessutan er det ingenting føre å vera sjef for dei andre sjåførane, sidan dei har ei positiv haldning til alt. Dersom noko skal innførast arbeider me saman og får det til, slår Åsmund fast, men legg også til at jobben til tider kan vera svært krevjande, mykje på grunn av at han kjenner dei fleste pasientane.

– Sidan me kjenner dei fleste her, hender det sjølvsagt at situasjonen kan gå inn på oss. Dersom me kjenner at forholdet til pasienten blir for nært, byter me arbeidsoppgåver med makkeren. Me har arbeidd så mykje saman med kvarandre at det ofte er nok å berre kikka på makkeren, så skjønar ein fort at det er tid for å byta oppgåver. Etter kvart har me lært oss å gløyma, så når turen er ferdig forsvinn alt temmeleg fort, men ungane gløymer eg aldri, seier Åsmund tankefullt.

– Me må kunna jobben vår ut og inn, elles kunne me ikkje ha jobba i sjukebiltenesta. Alle reagerer likevel forskjellig på ulike situasjonar, og mange møter veggen i sjukebilyrket. Dersom eg høyrer at nokon av sjåførane har opplevd noko tøft, kallar eg dei inn til debrifing for å koma over hendinga, fortel Åsmund, og legg til at dei i somme tilfelle ringjer til pasientane etterpå for å høyra korleis det går.

– Når me høyrer at det har gått bra, kan me leggja vekk saka og koma oss vidare. Me får også mykje skryt og rosebukettar på dørene av folk som er takksame. Det er sjølvsagt kjekt, men me gjer berre jobben vår, avsluttar Åsmund Tuntland.

20120307-031632.jpg