Ti nye hjelpekorpsarar

Alle ti ungdommane bestod Hjelpekorpsprøven 26. februar 2012, og er dermed kvalifiserte til å driva førstehjelp for Røde Kors Hjelpekorps. (Foto: Morten Hetland)

Alle ti ungdommane bestod Hjelpekorpsprøven 26. februar 2012, og er dermed kvalifiserte til å driva førstehjelp for Røde Kors Hjelpekorps. (Foto: Morten Hetland)

Hjelmeland Røde Kors har gjennomført 30-timars kurs i førstehjelp for tretten deltakarar. 26. februar gjekk ti deltakarar opp til teoretisk og praktisk prøve, og alle ti bestod førstehjelpskurset.

Leif Harald Jørmeland, operativ leiar for Hjelpekorpset, har vore hovudinstruktør. Med seg har han òg hatt Åsmund Tuntland, Thomas Tjeltveit og Johan Mjølhus som instruktørar.

Kurset er gjennomført i samsvar med retningsliner frå Norsk Førstehjelpsråd og Norsk Resuscitasjonsråd, etter følgjande pensum:

  • Varsling til nødnummer
  • Undersøking av sjuk eller skada person
  • Sikring av frie luftvegar og sideleie
  • HLR (hjarte- og lungeredning)
  • Framandleikam i luftvegane
  • Sirkulasjonssvikt
  • Arbeid på skadestaden
  • Vurdering av skada person
  • Hovud-, nakke- og ryggskadar
  • Bryst- og bukskadar
  • Ekstremitetsskadar og brot
  • Sår og blødningar
  • Termiske skadar
  • Framferd ved akutt sjukdom
  • Hjartesjukdom
  • Kramper
  • Diabetes
  • Hjerneslag
  • Pustevanskar, astma og allergiar
  • Rus og forgiftingar
  • Kjemikalieskadar

Sikring av frie luftvegar og sideleie