Livreddarkurs i Vormedalen

Ti vormedalsbuar deltok på Livreddarskolen sitt kurs i livreddande førstehjelp. Morten og Torsten var med som kursleiarar. (Foto: Morten Hetland)

Ti vormedalsbuar deltok på Livreddarskolen sitt kurs i livreddande førstehjelp. Morten og Torsten var med som kursleiarar. (Foto: Morten Hetland)

Heile ti vormedalsbuar møtte fram til livreddarkurs på Grendahuset tysdag 6. mars. Livreddarkurset er ein del av Hjelmeland Røde Kors sitt samarbeid med Livredderskolen.

Saman med dåverande ordførar Bjørn Laugaland, sette Hjelmeland Røde Kors i mai 2011 som mål å læra opp 500 hjelmelandsbuar i livreddande førstehjelp. No har me fjorten utdanna kursleiarar som til no har hatt 87 personar i skule.

Dei ti siste vart «utdanna» då to av kursleiarane våre, Torsten Maraszkiewicz og Morten Hetland, rigga til kurset i Vormedalen Grendahus. Morten heldt kurs på Kvadrat for 23 stykk i vinterferien, så i den målestokken kan ein snakka om kanonbra frammøte i Vormedalen.

Del 1 av kurset er gratis, så viss nokon vil halda kurs i bedrifter, lag, vennegjengar, foreningar eller liknande, er det berre å ta kontakt med Hjelmeland Røde Kors (sjå kontaktinformasjon her).

Les meir om Livredderskolen her