Ny sjukebilsjåfør

Årevis med erfaring frå brannvesenet og Hjelmeland Røde Kors Hjelpekorps er ikkje nok når Johan Mjølhus (t.v.) tek over som ny sjukebilsjåfør i Hjelmeland. Jobben krev mykje fagkunnskap, og då er det godt å få opplæring om blodårer og innsetjing av kanylar av dei røynde kollegaene Oddbjørn Sæbø (i midten) og Åsmund Tuntland (t.h.). (Foto: Morten Hetland)

For første gong på ti år har sjukebiltenesta i Hjelmeland tilsett ein ny sjukebilsjåfør. Johan Mjølhus tek over etter Ole Henrik Olsen, som etter ti års teneste har gått over til legebåten Rygerdoktoren.

I snitt har sjukebilen éi utrykking kvar dag, noko som vitnar om at sjukebiltenesta er høgst naudsynt for hjelmelandsbuane. Sjukebiltenesta har fem fast tilsette sjåførar og éin vikar. Oddbjørn Sæbø, som er den mest rutinerte sjåføren, har arbeidd i sjukebiltenesta sidan hausten 1984, medan den siste tilsetjinga skjedde nyleg, då Johan Mjølhus tok over for Ole Henrik Olsen.

– Eg trur det kjem til å bli ein spanande og utfordrande jobb, seier Johan Mjølhus, som har årelang erfaring som varabrannsjef i Hjelmeland brannvesen, samt åtte år bak seg som operativ leiar i Hjelmeland Røde Kors Hjelpekorps.

Årevis med erfaring frå brannvesenet og Hjelmeland Røde Kors Hjelpekorps er ikkje nok når Johan Mjølhus (t.v.) tek over som ny sjukebilsjåfør i Hjelmeland. Jobben krev mykje fagkunnskap, og då er det godt å få opplæring om blodårer og innsetjing av kanylar av dei røynde kollegaene Oddbjørn Sæbø (i midten) og Åsmund Tuntland (t.h.). (Foto: Morten Hetland)

Årevis med erfaring frå brannvesenet og Hjelmeland Røde Kors Hjelpekorps er ikkje nok når Johan Mjølhus (t.v.) tek over som ny sjukebilsjåfør i Hjelmeland. Jobben krev mykje fagkunnskap, og då er det godt å få opplæring om blodårer og innsetjing av kanylar av dei røynde kollegaene Oddbjørn Sæbø (i midten) og Åsmund Tuntland (t.h.). (Foto: Morten Hetland)

– Jau, me har vore heldige som har fått Johan med oss. Me har ikkje vore ute etter ein «cowboy» som trur han er verdsmeister i alt, så då er det godt å få Johan, som er ein roleg og avbalansert type. Dessutan har han gjennom jobben som varabrannsjef tileigna seg utrykkingssertifikatet, så slepp me å bruka tid på det, fortel Åsmund Tuntland, leiar i sjukebiltenesta i Hjelmeland.

Med Mjølhus som siste tilskot i sjukebiltenesta er no fire av dei fem sjukebilsjåførane i Hjelmeland òg deltidstilsette i brannvesenet. På grunn av dette har Hjelmeland brannvesen éin av få brannbilar i landet som er utstyrt med dei viktigaste hjelpemidla ein treng for å redda liv.

– Somme gonger kan det koma ein sjukepleiar eller doktor til ulukkesstaden, men dei kan ikkje hjelpa nokon viss dei ikkje har utstyr til det. I brannbilen har me difor ein eigen koffert med intravenøse væsker, oksygen og utstyr til å stoppa blødingar, forklarer Tuntland.

Trass i at Mjølhus har erfaring frå brannvesen og hjelpekorps er ikkje sjukebilyrket lært på éin dag.

– Johan står ovafor ei ganske bratt opplæringskurve. No kjem me til å melda han på aktuelle kurs så snart me får tilbod om det, og så vil han vera med å læra i «felten». No i startfasen vil me sjølvsagt vurdera situasjonen frå pasient til pasient før me set Johan til å gjera noko åleine. Dessutan kjem det alltid til å vera med ein erfaren sjåfør på jobb, så pasientane kjem ikkje til å merka noko særskilt til det, meiner Tuntland.