Hjelp oss å skaffa mannskaps- og redningsbil

Hjelmeland Røde Kors treng hjelp til å hjelpa andre. No vil me skaffa pengar til mannskaps- og redningsbil til Hjelpekorpset i Hjelmeland kommune.

Om Hjelmeland Røde Kors
Hjelmeland Røde Kors driv to avdelingar, Ambulanse og Hjelpekorps. Om lag 35 av dei 120 medlemmene våre står på alarmplanen til Hjelpekorpset, og me er såleis ein viktig del av beredskapen i Hjelmeland kommune, og bidreg både i søk, redning, ulukker og leiteaksjonar.
Medlemmene i Hjelpekorpset blir òg brukte som sanitetsvakter ved større og mindre arrangement i heile Hjelmeland. Dessutan har Hjelpekorpset vinterberedskap for store område i Hjelmelandsheiane, samt påskevakt ved Stavanger Turistforening sitt rutenett i området rundt Vassdalstjørn i Bykle. Kort fortalt: Hjelmeland Røde Kors eksisterer for å hjelpa andre.

Kvifor treng me mannskaps- og redningsbil?
Hjelmeland kommune har ei flatevidde på 1.092 km2, noko som fører til at me ved utrykkingar må kunna dekkja eitt geografisk stort område på kortast mogleg tid. For å koma nærast mogleg aksjonsområdet arbeider me no med å skaffa pengar til ein firehjulstrekt varebil som kan brukast til å frakta mannskap, utstyr og straumaggregat på både bilvegar, skogsbilvegar og anleggsvegar. Per dags dato har Hjelmeland Røde Kors berre ein beredskapshengar med utstyr som blir brukt på ulike aksjonar, men sidan mange av medlemmene våre ikkje har bil som kan brukast til å trekkja beredskapshengaren, kan me risikera å tapa verdifull tid. Aksjonane våre skjer dessutan ofte ute i terrenget, langt borte frå bilveg og straum, noko som fører til vanskar med å frakta utstyr inn til aksjonsområdet. Straummangel ute i felten fører òg til at mellombelse kommandosentralar må etablerast for langt borte frå aksjonsområdet. I kvar aksjon er kommandosentral med straumtilgang avgjerande for å koordinera aksjonen og halda kontakt med hjelpemannskapet.
Med ein firehjulstrekt mannskaps- og utstyrsbil, slik at me kan betra beredskapen i Hjelmeland ytterlegare. Med ein mannskaps- og utstyrsbil vil me kunna frakta både mannskap, straumaggregat og naudsynt kommando- og førstehjelpsutstyr nærare aksjonsområdet under framtidige utrykkingar.

Framdriftsplan
Me har som mål å få på plass ny mannskaps- og utstyrsbil i god tid før vinteren 2012/2013 slår til for fullt, og håpar difor at du kan hjelpa oss eit godt stykke på veg for å styrkja heilårsberedskapen i Hjelmeland kommune. Så langt har me fått ein del pengar frå Norges Røde Kors, lokale bedrifter og Ryfylkefondet. No vil me gjerne ha deg med i spleiselaget. Dersom du vil hjelpa oss, kan du overføra pengar til bankkontoen vår: 3353.07.00688.

Hjelp oss å hjelpa andre!