Endeleg ny mannskaps- og redningsbil

Frå venstre: Lars Martin Riskedal (varastyremedlem i Hjelmeland Røde Kors), Terje Ove Breiland (styreleiar i Hjelmeland Røde Kors), Geir Ove Mæland (operativ leiar i Hjelmeland Røde Kors Hjelpekorps), Súsanna Poulsen (banksjef i Hjelmeland Sparebank), Trine Lotherington Danielsen (ordførar i Hjelmeland kommune), Olav E. Skjervik (kontorsjef i Hjelmeland Sparebank), Sigrid Riskedal (banksjef i SpareBank 1 SR-Bank Hjelmeland), Morten Hetland (dagleg leiar i Hetland Media).(Foto: Thomas Tjeltveit/Hjelmeland Røde Kors)

Hjelmeland Røde Kors har endeleg kome i hamn med innsamlinga til ny mannskaps- og redningsbil, og tysdag 9. april vart sponsorane våre inviterte til ei uhøgtideleg markering i lokala våre for å sjå kva gåvene deira har blitt brukt til.

Innkjøpet av ny mannskaps- og redningsbil vart feira i lokala til Hjelmeland Røde Kors i går, 9. april, der sponsorar og hjelpekorpsleiar i Rogaland Røde Kors og Stavanger Røde Kors vart invitert til ei uhøgtideleg markering.

Mannskaps- og redningsbilen som no er kjøpt inn, er ein firehjulsdriven Toyota Hiace, 2011-modell. Det har kome inn kr 292.000 i gåver, medan me kjøpte bilen for kr 260.000. Det overskytande beløpet blir brukt til å byggja om og tilpassa bilen til føremålet. Mellom anna skal det leggjast til rette for å ha sambandsutstyret ferdig rigga inni bilen.

Me takkar dei som velvillig har sponsa den nye mannskaps- og redningsbilen vår:





Ryfylkefondet


Nils Jarl Nessa

Legg att eit svar