Triveleg førjulskos

I Hjelmelandsvågen samla folkemassen seg til julesongar og gange rundt juletreet.

I Hjelmelandsvågen samla folkemassen seg til julesongar og gange rundt juletreet.

Hjelmeland Røde Kors arrangerte førjulskos i Hjelmelandsvågen saman med Hjelmeland Frivilligsentral sist sundag. Om lag 160 store og små møtte fram.

Kvelden starta med fakkeltog frå Hjelmeland ungdomsskule, der ein god gjeng gjekk ned til Hjelmelandsvågen med sjølvaste Julenissen i spissen. Utanfor Kommunehuset samla folkemassen seg rundt juletreet. Lysa blei tende til julesongar og gange rundt juletreet.

Alle dei snille barna fekk kvar sin godtepose av Julenissen, før det var duka for juleverkstad med pynting av peparkakehjarte og servering av graut i Spinneriet.

Når alle var gode og mette, og peparkakehjarta ferdigpynta, blei kvelden avslutta med bingo med mange flotte gevinstar.

Hjelmeland Røde Kors takkar for all hjelp og alle om møtte fram og bidrog til å gjera dette til ein koseleg kveld!

This slideshow requires JavaScript.

Legg att eit svar