Interessant og gripande med Skuterud

20140318-210245.jpg

Ola Skuterud fortalde gripande historier om hans og Røde Kors sine erfaringar i dei verste katastrofeområda i verda, der anten menneske eller naturen har gått totalt i vranglås. (Foto: Morten Hetland)

16 hjelmelandsbuar møtte fram på Spinneriet for å høyra historiene til Ola Skuterud, ein av Røde Kors sine mest erfarne utanriksdelegatar.

Ola Skuterud har arbeidd for Internasjonale Røde Kors frå 1993 til 2010. Han har mellom anna leia Røde Kors sitt arbeid for hjelpetrengjande i Palestina, med base i Ramallah.

Ola Skuterud var banksjefen som gjekk frå å tena pengar på krig til å dra ut i felten for å hjelpa menneske i verdas verste konfliktområde.

På Spinneriet fortalde Skuterud gripande historier om hans og Røde Kors sitt humanitære hjelpearbeid i område der naturen eller folk slår seg totalt vrange.

I 2003 blei Skuterud tildelt Palestina Røde Halvmåne si høgaste utmerking for innsatsen sin. Skuterud er den første utanlandske hjelpearbeidaren som har fått denne utmerkinga.

I 1998 blei Skuterud kidnappa av opprørarar i Somalia, der han saman med ni andre hjelpearbeidarar blei haldne som gissel i ni døgn. Etter dette heldt han fram i tenesta i Somalia i to år, før han blei innkalla til oppdrag på Vestbredden. Kort tid etter at Skuterud kom tilbake til Ramallah i 2000, braut den andre intifadaen laus.

I 2003 reiste han tilbake til Afrika som delegasjonsleiar for Røde Kors sitt arbeid i Eritrea. Etter jordskjelvet i Indiahavet 2004 var det bruk for han i Indonesia, der han leia hjelpearbeid i Banda Aceh i 18 månader. Deretter gjekk turen tilbake til Palestina i 2006.

Legg att eit svar