Grøssartur med kjekke ungdommar

Nokre av ungdommane på Grøssarturen prøver å spjelka eit "beinbrot". Ein av aktivitetsleiarane, Martin Hetland (t.h.), ser til at alt går rett føre seg, medan aktivitetsleiar Johne Halsne Mæland spelar pasient. (Foto: Morten Hetland)

Nokre av ungdommane på Grøssarturen prøver å spjelka eit «beinbrot». Ein av aktivitetsleiarane, Martin Hetland (t.h.), ser til at alt går rett føre seg, medan aktivitetsleiar Johne Halsne Mæland spelar pasient. (Foto: Morten Hetland)

Seks aktivitetsleiarar i Hjelmeland Røde Kors si RØFF-gruppe var i helga med som arrangørar av Grøssarturen til Trodla-Tysdal, i samarbeid med Hjelmeland Ungdomsråd og kulturkontoret i Hjelmeland kommune.

Om lag 25 trivelege ungdommar var med på grøss, aktivitetar, spørjeleik og sosialt samvere på den veglause garden i Årdal.

Røde Kors bidrog med tre postar i Grøssarløypa: Spørjeleik, båresurring og spjelking, og i løpet av Grøssarløypa skreiv alle laga sitt eige dikt om Grøssarturen:

Me er på Grøssartur.
Me har mange skrik på lur.
Mørke vente, me er spente.
Røde Kors vil hjelpe oss.
Me er ikkje på Hjelmeland.
Me er i Trolleland.

Me er på Grøssartur
tur – retur.
Me skal ut på tur
i ei ur.
Ungar skrike og ler,
Røde Kors er her.
Me er ute i mørket,
det er ingen der.
Me er frå Hjelmeland
og det er der det skjer.

Alle grøssarturar skumle dei er.
Røde Kors dei må ver med.
Hjelmeland er skummelt det,
det er fullt av mørke.

Det var ein kveld
i Hjelmelands fjell.
Og ute i mørket var Kjell.
Me skulle sjå film
i eit skur på Grøssartur.
Røde Kors er topp,
og me fant ein kropp.
Me lagde eit skrik,
det var eit lik.

This slideshow requires JavaScript.

Legg att eit svar