Ambulansetenesta

Årevis med erfaring frå brannvesenet og Hjelmeland Røde Kors Hjelpekorps er ikkje nok når Johan Mjølhus (t.v.) tek over som ny sjukebilsjåfør i Hjelmeland. Jobben krev mykje fagkunnskap, og då er det godt å få opplæring om blodårer og innsetjing av kanylar av dei røynde kollegaene Oddbjørn Sæbø (i midten) og Åsmund Tuntland (t.h.). (Foto: Morten Hetland)

Åsmund Tuntland (t.h.) er dagleg leiar i ambulansetenesta i Hjelmeland. Han er oppteken av at sjåførane, mellom anna Johan Mjølhus (t.v.) og Oddbjørn Sæbø (i midten) har tilstrekkjeleg fagkunnskap til å utføra jobben på best mogleg måte. (Foto: Morten Hetland)

Hjelmeland Røde Kors står for den daglege drifta av ambulansetenesta i Hjelmeland kommune.

Åsmund Tuntland er dagleg leiar for fem sjåførar og éin vikar.

Stavanger Universitetssjukehus har ansvar for materiellet som blir brukt, inklusive sjukebilen og alt utstyret i den.